september 27, 2008
ÅNEI!
Det kjem strek over alt eg trykkjer på på denne nye designen min. Det er krise! Eg har ikkje valgt det sjølv! Ta det som eit kompliment, de som har strek over namnet sitt på min blogg. Det betyr berre at eg ville sjå korleis det går med dykk! OK? Er det greit? Dessutan skulle eg eigentleg hatt ein annan smoothie enn banan, eg likar ikkje så veldig godt banan.

Åleine
Eg kjenner at eg ikkje er åleine, og det er ei god kjendsle.
Eg trur at folk ofte går rundt og tenkjer at dei er einsame, at alle går og føler på same greia, og ein trur at det er berre ein sjølv som er åleine, men eigentleg går alle rundt og er einsame ilag. Og då blir ein saman om å vere åleine. Eg veit ikkje eg.
“Legg di hand i mi hand, så er me sterke saman. Så er me svake saman. Så er me saman.”
Gläds då, du levande, i din ljuvt uppvärmda säng innan Lethes iskalla våg slickar din flyende fot.
(Goethe)
april 15, 2008
Grøne eple
Summaren var kald og regnfull.
Epli vart grøne og flekka av skurv.
Men eg plukkar og sorterar
og staplar i kassane i kjellaren.
Grøne eple er betre enn inkje.
Bygdi ligg på 61
Olav H Hauge
mars 31, 2008
Men det er ikke sånn at man er alene.
Når jeg synger “she loves you”, da synger dere “yeah, yeah, yeah”
Ser du? De kan de samme sangene som oss.
Puss, puss så får du en suss.
november 22, 2008
oktober 17, 2008
Nyhende!
Den nye gamle (eller omvendt) Juice Original heiter Sunniva. Kvifor?
Veit du svaret? Sendedethe Norge rundt, 5020 Bæærgen
And then..
“Vi må høyre guten”, Runa i volvoen 2008
Litt etter i volvoen
“Let there be love!” Lionel Richie i volvoen 2008
“Heia toget” Mari 2008
oktober 3, 2008
Det er fredag!
Bra ting-liste på ein fredags ettermiddag:
- People will say we`re in love
- Haustferie
- Sjokolade
- LP-plater (Keith Jarret og Peter Skellern)
- Sol som kjem gjennom skya
- Haustfargar
- Piano

Idag stod der ein fugl her i glaskarmen min att. Sjeldsynt glede: den same gamle fuglen stod der med sitt gule nebb og nappa sine hår slik som eg kan hugse at den fuglen har gjort før










